Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Kva gjer vi?
Helsestasjonen skal vere eit lett tilgjengeleg tilbod med kort ventetid.
Helsestasjonen har:
- Helsestasjon for barn 0-5 år.
- Skulehelseteneste for barn og ungdom 6-20 år.
- Jordmorteneste.
- Helsestasjon for ungdom.
Tenesta skal:
- Fremje psykisk og fysisk helse.
- Fremje gode sosiale og miljømessige forhold.
- Førebyggje sjukdomar og skader.
- Gje tilbod om vaksinering etter barnevaksinasjonsprogrammet.
- Gje tilbod om helsesjekk i høve til forskriften om kommunanes helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelseteneste.
- Gje tilbod om oppfølging hos spesialist ved behov.
Viktige samarbeidspartnarar lokalt
- Heimen, Legetenesta, Jordmor, Skulane, Barnehagane, Pedagogisk psykologisk teneste, Fysioterapeut, Tannhelsetenesta, Barneverntenesta
Viktige samarbeidspartnarar i 2.linjetenesta
- Sjukehuset i Aust og Vest-Agder (Barneavdelinga og poliklinikkar)
- Avdeling for barne og ungdomspsykiatri (ABUP)
- Habiliteringsteamet for barn og ungdom (HABU)
Kva kan du forvente?
Jordmortenesta
- Tilbod til alle gravide.
- Svangerskapskontroller.
- Fødsel og foreldreforberedende kurs (på Evje).
- Samtale etter fødsel.
Helsestasjon for barn 0-6 år
- Tilbod om barselgruppe.
- Individuell oppfølging av barnets vekst og utvikling.
- Råd, informasjon og rettleiing.
Skulehelsetenesta
- Tilbod om oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet.
- Individuell rettleiing og helseopplysning i grupper.
Helsestasjon for ungdom
- Tilbod til ungdom mellom 13 og 20 år.
- Du trenger ingen timeavtale.
- Individuell rettleiing.
- Helseopplysning i grupper.
- Tilbod om lege, prevensjonsrettleiing, graviditetstest, samtalar.
Både vaksne og barn/ungdom kan ta kontakt.
Ring, send teksmelding eller E-postnår du har spørsmål eller er bekymra for noko
Ved sjukdom skal du kontakte fastlegen (gratis for barn under12 år).
Gje beskjed om du ikkje kan komme til avtalt time.
Kva kostar det?
Tilbodet om jordmor -helsestasjon-skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom er gratis.
Praktiske opplysningar
For spørsmål / avtale: Mobil: 90 70 00 81
Opningstider skulehelsetenesta:
Helsesøster Liv-Marit Rosenblad er å treffe kvar dag mellom 08:00-15:30 på mobil 90 70 00 81.
Opningstid for helsestasjon for ungdom:
Måndag 16:00 - 18:00 Tlf mobil: 90 70 00 81
Jordmortenesta:
Bygland Fredag etter behov: 09.00-14.30
For avtale: 37 93 24 43 eller 37 93 24 40 (Evje helsestasjon)
