Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Serviceerklæring Heimesjukepleien

Formål:

Heimesjukepleia skal hjelpe deg med praktiske og personlege gjeremål, slik at du kan bu heime så lenge det er forsvarleg.

Tenesta vil bistå/ kompensere for manglande eller nedsett evne til egen omsorg uansett alder og økonomi.

Kven får tenesta?

Dei som bur eller oppheld seg i Bygland kommune.

Kva omfattar tenesta?

Heimesjukepleien kan t.d. hjelpe deg med:

  • Hjelp til personlig hygiene.
  • Wc-besøk.
  • Stell av sår .
  • Tilsyn.
  • Hjelp til måltider.
  • Hjelp med medisinar.
  • Informasjon om andre tilbod .

Avgrensingar: 

  • Vi kan ikkje gi avtale om hjelp på heilt eksakt klokkeslett.
  • Vi har liten mogelegheit til å følgje til undersøkingar, lege eller andre instansar.

Dette kan du forvente av oss: 

  • Brukarar vert møtt med respekt og vennlegheit.
  • Lytte på brukaren sine behov.
  • Faste vekedagar og tidspunkt for hjelp (ved endring skal brukar ha beskjed).
  • Teieplikt.
  • Har ikkje lov å ta imot personlige gåver.

Kva vi forventar av deg: 

  • Sørgje for nødvendig utstyr (klutar, handkle, såpe osv.)
  • Evt. ommøblere dersom det vert nødvendig.
  • Melde ifrå dersom ein for eksempel er borte eller har besøk på avtalt tid for hjelp.
  • Ein ber om at vegen fram til bustaden er brøyta og strødd.

Korleis få tenesta ?

  • Skriftleg eller munnleg søknad kan rettast til: Bygland kommune, Eining for pleie og omsorg, 4745 Bygland evt. pr. tlf.: 37 93 47 80.
  • Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, men då må brukaren ha gitt sitt samtykke.
  • Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke. 
  • Om nødvendig vert det foretatt eit vurderingsbesøk for å kartlegge behovet innan 4 veker.
  • Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
  • Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.  

Lovgrunnlag:

Tenesta vert tildelt etter lov om helsetenester i kommunene.

Pris:  

Heimesjukepleie er gratis.

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Avdelingsleiar Monica Galdal, tlf.: 37 93 47 80.

 


Sist endret: 27.03.2009 - Endret av: Valborg Attestog



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.