Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Formål:
Heimehjelpstenesta skal hjelpe deg med praktiske og personlege gjeremål. Vi skal bidra til at brukaren skal greie mest mogeleg sjølv og bli minst mogeleg avhengig av hjelp frå andre.
Kven får tenesta?
All hjelp vert tildelt etter ein individuell vurdering, og behovet vert vurdert fortløpande. Det vil bli tatt omsyn til:
- Husstandsmedlemmer.
- Tilgang på privat hjelp.
- At bustaden er egna i forhold til funksjonsevne.
- Søkjaren sin tilstand og evne til å komme rundt i bustaden.
Kva omfattar tenesta?
Heimehjelpstenesta kan gi hjelp til for eksempel:
- Golvvask.
- Støvsuging og støvtørking i rom som er i dagleg bruk.
- Vask av klær.
- Sengeskift.
- Oppvask.
Avgrensingar:
- Ikkje storreingjering og vindusvask.
- Det vert ikkje gjeve hjelp til hagearbeid og snømåking.
- Det vert vanlegvis ikkje gjeve heimehjelp på heilagdagar, delar av ferier, når brukaren er bortreist eller har besøk.
Dette kan du forvente av oss:
- Brukarane vert møtt med respekt og vennlegheit.
- Faste vekedagar og tidspunkt for hjelp (ved endring skal brukar ha beskjed).
- Teieplikt.
- Har ikkje lov å ta imot personlige gåver.
Kva vi forventar av deg:
- Sørgje for nødvendig utstyr.
- Melde ifrå dersom ein for eksempel er borte eller har besøk på avtalt tid for hjelp.
- Ein ber om at vegen fram til bustaden er brøyta og strødd.
Korleis få tenesta:
- Skriftleg eller munnleg søknad kan rettast til: Bygland kommune, Eining for pleie og omsorg, 4745 Bygland.
- Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, med da må brukaren ha gitt sitt samtykke.
- Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
- Om nødvendig foretas det et vurderingsbesøk for å kartlegge behovet innan 4 veker.
- Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
- Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.
Lovgrunnlag:
Tenesta vert tildelt etter lov om sosiale tenester. Dersom du ønskjer å klage på vedtaket er klagefristen 3 veker frå vedtaket er mottatt.
Pris:
Betalingssatsar blir vedteke av kommunestyret i budsjettmøtet kvart år. Du får opplysningar om desse ved å vende deg til tenestetorget tlf 37 93 37 00 post@bygland.kommune.no
For ytterligare informasjon, kontakt:
Avdelingsleiar Monica Galdal, tlf.: 37 93 47 80.
