Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Formål for tenesteområdet:
Omsorgsbustad er ein bustad som er tilrettelagt slik at det kan bidra til eit sjølvstendig liv og sosial kontakt.
Kven kan få tenesta?
Eldre og funksjonshemma kan søke bustad, når eigen bustad er uegna. Bustader vert tildelt etter behov.
Kva tenesta omfattar:
Det skal leggast til rette for at bebuarane i størst mogeleg grad blir sjølvhjelpte.
Alle skal kunne bu i ein tilrettelagt bustad uavhengig av økonomi.
Korleis få tenesta?
- Skriftleg eller munnleg søknad kan rettast til: Eining for pleie og omsorg, Bygland kommune, 4745 Bygland.
- Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, med då må brukaren ha gitt sitt samtykke.
- Søknaden vert stadfesta motteke innan 1 veke.
- Om nødvendig foretas det et vurderingsbesøk for å kartlegge behovet innan 4 veker.
- Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
- Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.
Kva du skal kunne forvente av tenesta?
- Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
- Om nødvendig vert det gjennomført eit vurderingsbesøk for å kartlegge behovet innan 4 veker.
- Søknaden handsamast av ansvarleg leiar.
- Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.
Kva vi forventer av deg for å kunne yte tenesta?
- Søkjar må bu i kommunen.
- Funksjonshemming/funksjonssvikt bør dokumenterast ved søknad.
Lovgrunnlag:
Lov om sosiale tenester § 3-4.
Klage:
Klagefristen er på 3 veker frå vedtaket er motteke. Klagen vert å sende til: Bygland kommune, Eining for pleie og omsorg, 4745 Bygland.
Pris:
Husleigesatsane vert regulert årleg av kommunestyret.
For ytterlegare informasjon, kontakt:
Avdelingsleiar Monica Galdal, tlf.: 37 93 47 80
