Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Serviceerklæring Matombringing
Formål med tenesta:
Bidra til eit fullverdig kosthald for dei som ikkje klarer å lage mat sjølv.
Kven får tenesta:
Heimebuande eldre og funksjonshemma.
Kva omfattar tenesta:
- Brukarar av tenesta kan få inntil 4 porsjoner velsmakande og næringsrik middagsmat i veka.
- Maten vert distribuert 2 dagar i veka.
- Middagen tilpasses evt diettar.
- Maten kan leverast for ein kortare periode (minimum 14 dagar) ved for eksempel sjukdom.
Korleis få tenesta:
- Skriftlig eller munnleg søknad kan rettast til eining for pleie og omsorg. Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, men då må brukaren ha gjeve sitt samtykke.
- Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
- Om nødvendig foretas det et vurderingsbesøk for å kartlegge behovet innan 4 veker.
- Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
- Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.
- Ved endringar i leveransen, eller oppseiing av maten, skal ein ta kontakt med kjøkkenet på Byglandsheimen.
Lovgrunnlag:
Tenesta er ikkje lovpålagt, og det er ingen klageadgang.
Pris:
Sjå eigenbetaling for tenester til eining for pleie og omsorg for 2009.
Rekning vert sendt etterskotsvis ein gong per månad.
For ytterlegare informasjon, kontakt:
Avdelingsleiar Gerd Torild Helle Aakhus, tlf.: 37 93 47 80.
