Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Serviceerklæring tildeling av Tryggleiksalarm
Formål for tenesteområdet:
Tryggleiksalarmen skal medvirke til å skape tryggleik og sikkerheit for brukarane, slik at dei kan bu heime så lenge som mogeleg.
Kven kan få tenesta?
- Alle søkjarar med funksjonshemming. Alle blir vurdert ut i frå funksjonsnivå.
- Søkjarar som bor aleine.
- Har tendens til fall eller har bevegelsesproblem.
- Har alvorleg sjukdom.
- Brukarar som er klare og orienterte og istand til å bruke tryggleiksalarmen..
- Brukarar som sjølv ønskjer alarm.
Kva tenesta omfattar:
- Alarmen er knytta til di telefonlinje.
- Alarmen er kopla opp til ein sentral. Trykker du på alarmen, får du svar på sentralen som har fagpersonell heile døgnet. Tryggleikssentralen har opplysningar om deg. Alarmen kan nyttas ca 50 –60 meter frå huset.
- Dersom alarmsentralen ikkje får kontakt med deg fordi du ikkje kan komme bort til telefonen, vil alarmsentralen ringe heimesjukepleia og dei vil komme heim til deg og du vil få hjelp.
Korleis få tenesta?
- Skriftleg eller munnleg søknad kan rettast til: Bygland kommune, Eining for pleie og omsorg, 4745 Bygland.
- Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, med da må brukaren ha gitt sitt samtykke.
- Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
- Om nødvendig foretas det et vurderingsbesøk for å kartlegge behovet innan 4 veker.
- Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
- Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.
Kva du skal kunne forvente av tenesta:
- Dersom du oppheld deg i kommunen vil du få brev om at du er tildelt alarm og vi tek kontakt med deg for installering.
- Det vil bli gjort ei behovsvurdering og det blir gjort eit vedtak om du har fått tildelt alarm eller det er gjeve avslag. Vaktmeister vil også i dette tilfelle installere alarmen.
Kva vi forventar av deg for å kunne yte tenesta:
- Søkjar må bu eller opphalde seg i Bygland kommune.
- Søker må oppfylle krava om for tildeling av tryggleiksalarm.
- Du må ha ei telefonlinje frå eit telefonselskap, men du treng ikkje telefonapparat.
- Du må bere det tildelte smykket (alarmen) heile døgnet.
- Alarmen må ikkje misbrukast.
- Du kan ikkje ha hemmeleg nummer, då vil ikkje alarmen kunne identifiserast.
- Du må erstatte alarmen dersom du mister den eller bevisst øydelegger den.
- Du må ikkje bruke alarmen dersom du kan nytte telefonen.
Lovgrunnlag:
Denne ordninga er ikkje lovpålagt, men vert gjeve som eit tilbod for at brukarane skal kunne bu lengre i eigen bustad.
Pris/Gebyr:
Kr 800,- per år (med atterhald om endringar). I prisen er det inkludert service av alarm og tilkalling av hjelp.
For ytterligare informasjon, kontakt:
Ingar Lindsetmo, tlf.: 99 26 12 56.
