Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Serviceerklæring Langtidsplass i institusjon, Skjerma eining

Formål med tenesta:

Eit bu- og behandlingstilbod for personar som treng eit skjerma butilbod.

Kven får tenesta?

Personar med diagnosen demens som hovuddiagnose. Endring i brukaren sitt pleiebehov kan medføre flytting til annan avdeling.

Kva omfattar tenesta?

  • Hjelp ut frå ein fagleg vurdering og i samarbeid med brukar/pårørande.
  • Medisinar / medisinsk forbruksmateriell.
  • Legetilsyn / spesialisthelsetenesta ved behov.
  • Tannhelseteneste.
  • Fysikalsk behandling og trening etter faglig vurdering.
  • Tilbod om tilpassa hjelpemidlar og medisinsk utstyr.
  • Sosiale og kulturelle aktivitetar i samarbeid med frivillige organisasjonar.
  • Tilbod om frisør og fotpleier, som brukar sjølv betaler for.
  • Vi prøver å ha faste rom til våre brukarar, men intern flytting kan av ulike behov bli gjort.  

 Korleis få tenesta?

  • Skriftleg eller munnleg søknad kan rettast til: Eining for pleie og omsorg, Bygland kommune, 4745 Bygland, tlf.: 37 93 47 00.
  • Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, med då må brukaren ha gitt sitt samtykke.
  • Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
  • Om nødvendig vert det gjennomført eit vurderingsbesøk, for å kartlegge behovet innan 4 veker.
  • Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
  • Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.

Lovgrunnlag:

Tenesta er lovpålagt i medhald til Lov om helsetenesten i kommunen § 2-1.

Klage: 

Dersom du ønskjer å klage på vedtaket er klagefristen 3 veker frå vedtaket er mottatt. Klagen kan sendast til: Eining for pleie og omsorg, Bygland kommune, 4745 Bygland.

Pris:

Vederlag for opphald vert kravd i medhald til Forskrift for vederlag for opphold i institusjon, fastsett av Sosial – og helsedepartementet 26.april 1995 med endringar av 5.januar 2001 (jfr. Rundskriv 1–4/2001 frå Sosial – og helsedepartementet) med heimel i Lov av 19. november 1982 nr.66 om helsetenesta i kommunane § 2–3 og § 6–9. 

For ytterlegare informasjon, kontakt:
Avdelingsleiar Gerd Torild Helle Aakhus, tlf.: 37 93 47 80

 


Sist endret: 27.03.2009 - Endret av: Valborg Attestog



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.