Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Formålet med tenesta:
Førebyggjande tiltak for å kunne bu heime lengst mogeleg.
Kven kan få tenesta?
Tenesta vert tildelt ut frå ein fagleg vurdering og prioritering til brukarar som:
- Har behov for ein overgangsordning ved utskriving frå sjukehus.
- Har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov.
- Har behov for eit bu- og behandlingstilbod for eit kortare tidsrom på grunn av akutte problem.
- Treng opptrening og eller vedlikehaldstrening.
- Treng sosial stimulering.
Kva omfattar tenesta?
- Hjelp til personleg hygiene ved behov.
- Måltider.
- Medisinar og medisinsk forbruksmateriell ved behov.
- Fysioterapi tenester ved behov.
- Ergoterapi tenester ved behov.
- Tilbod om kjøp av fotterapi og frisør tenester.
- Under korttidsopphaldet vert bruk tilsynslegen på sjukeheimen.
- Sosiale og kulturelle aktivitetar i samarbeide med frivillige organisasjonar.
- Gi døyande ein så god livs avslutning som mulig.
Korleis få tenesta?
- Skriftleg eller munnleg søknad kan rettast til: Eining for pleie og omsorg, Bygland kommune, 4745 Bygland, tlf.: 37 93 47 80.
- Sjukehus eller andre institusjonar kan søke, med då må brukaren ha gitt sitt samtykke.
- Innan 1 veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
- Om nødvendig vert det gjennomført eit vurderingsbesøk, for å kartlegge behovet innan 4 veker.
- Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar.
- Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.
Lovgrunnlag:
Tenesta er lovpålagt i medhald til Lov om helsetenesten i kommunen § 2-1.
Klage:
Dersom du ønskjer å klage på vedtaket er klagefristen 3 veker frå vedtaket er mottatt. Klagen kan sendast til: Eining for pleie og omsorg, Bygland kommune, 4745 Bygland.
Pris:
Vederlag for opphald vert kravd i medhald til Forskrift for vederlag for opphold i institusjon, fastsett av Sosial – og helsedepartementet 26.april 1995 med endringar av 5.januar 2001 (jfr. Rundskriv 1–4/2001 frå Sosial – og helsedepartementet) med heimel i Lov av 19. november 1982 nr.66 om helsetenesta i kommunane § 2–3 og § 6–9.
For ytterlegare informasjon, kontakt:
Avdelingsleiar Gerd Torhild Helle Aakhus, tlf.: 37 93 47 80
