Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Serviceerklæring frå Tenestetorget
På tenestetorget får du hjelp med det du treng, enten kan vi hjelpe deg der og då, eller vi viser vegen vidare i systemet. Stadig fleire oppgåver får du svar på hjå oss!
Kva gjer vi:
|
Kva kan du vente av oss?
- At vi møter deg venleg og med respekt.
- Vi skal kunne gje deg informasjon om den saka du lurer på, og rettleiing til å kome deg vidare.
- Tydelege og forståelege tilbakemeldingar.
- Hjelp til å fylle ut søknadsskjema.
- At vi viser deg til rett person eller kontor når vi ikkje kan hjelpe.
- At du skal bli teken imot straks du kjem og at vi tek telefonen så fort det ringar.
Kva ventar vi av deg?
- At du kontaktar oss når du kontaktar kommunen.
- At du gjer oss ros når du er nøgd, og ris når du er misnøgd.
Søknadsskjema og lovverk
- Du finn søknadsskjemaet du treng hjå oss. Vi arbeider etter Forvaltningslova og Offentleglova.
Saksbehandlingstid
- Telefonar, e-post og spørsmål ved skranke svarar vi på etter kvart som dei kjem.
- Saker som blir handsama ved tenestetorget skal du få svar på i løpet av tre veker etter at vi har motteke saka – eller tre veker etter søknadsfrist. Rekk vi ikkje fristen skal du få beskjed om kor lang tid vi treng på å handsame saka.
Kva kostar det?
- Her finn du oversikt over alle betalingssatsane i Bygland kommune. Vi kan også opplyse deg om desse om du kontaktar oss.
- Kopiar kostar kr 2 for A4 svart/kvitt - kr 10 for A4 farge - kr 5 for A3 svart/kvit - kr 20 for A3 farge.
- Laminering kostar kr 20 for A4, kr 10 for C5.
