Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Langtidsopphald ved Nystog

Nystog er ei avdeling for demente. Avdelinga har 6 plassar. Kvar bebuar har eige rom med bad/toalett. I tillegg er det fellesareal med stor stove.

Byglandsheimen er bemanna heile døgeret og gjev tilrettelagt helsehjelp etter faglig vurdering.

Institusjonen er ansvarlig for den medikamentelle behandlinga og har regelmessig tilsyn av lækjar. Fysioterapi vert ytt etter ei vurdering. Tannhelsetenesta har årleg tilsyn ved institusjonen.

All kost til bebuarane kjem frå institusjonen sitt eige kjøkken.

Av andre tilbod kan nemnast frisør, fotpleie, arbeidsstove, konsertar, fellessamlingar, andakter og besøksteneste.

For å bli vurdert til å få langtidsplass på Nystog må det liggje føre ein søknad. Før søknaden vert handsama i omsorgsnemnda, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon. Den søknaden gjeld, må ha demens som hovuddiagnose og ikkje vera i stand til å bu heima. Søkjar skal ikkje ha eit  stort pleiebehov. Bebuarar med stort pleiebehov, vil bli vurdert overflyttet til anna avdeling.

Dersom vedkommande sjølv ikkje har samtykkekompetanse (Link), må søknad vere underskriven av næraste pårørande. (Link).

Kommunen sitt totale tenestetilbod vert lagt til grunn før vedtak om tildeling av plass vert fatta.

Søknad skal sendast til omsorgsnemnda i kommunen som har delegert fullmakt til å fatta vedtak.

Søknadsskjema

Betaling for langtidsopphald: Personar som flytter inn (frå egen heim) må betale etter ein månad rekna frå innflyttingsdato. Satsen for betaling er fastsett av sosial- og helsedepartementet og er avhengig av vedkommande si inntekt.

Vederlagsforskrifta

Disponering av bebuarane sine private midlar:

For bebuarar som ikkje kan ivareta sin egen økonomi, vert inntekter og utgifter tekne vare på via eit pasientrekneskap. Avgjerd om dette vert tatt av tilsynslækjar i samråd med næraste pårørande og avdelingsleiar. Dette vert det sendt informasjon om til overformynderiet med oppmoding om at det vert oppnemnt ein hjelpeverge. Kvart pasientrekneskap er under revisjon av Setesdal revisjonsdistrikt.

Ved spørsmål kan avdelingsleiar kontaktast. Tlf 37 93 47 80

Tildeling av plass ved Nystog er heimla i Kommunehelsetenestelova § 2,1 første ledd. jf § 1 – 3 andre ledd nr. 6. § 2,1 som lyder: ”Enhver har rett til nødvendig helsehjelp i den kommune der han eller hun bor eller midlertidig oppholder seg”.

Sosial og helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Søkjar vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova § 18, første ledd.

Forvaltningslova

 


Sist endret: 29.01.2008 - Endret av: Sonja Lien Skjevrak



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.