Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Byglandsheimen er sjukeheimen i kommunen. Institusjonen har 28 plasser fordelt på tre grupper: langtidsavdeling, rehabiliteringsavdeling og Nystog som er ei dementavdeling. Kvar bebuar har eige rom med bad/toalett. I tillegg er det fellesareal med stor stove.
Byglandsheimen er bemanna heile døgeret og gjev tilrettelagt helsehjelp etter faglig vurdering.
Institusjonen er ansvarlig for den medikamentelle behandlinga og har regelmessig tilsyn av lækjar. Fysioterapi vert ytt etter ei vurdering. Tannhelsetenesta har årleg tilsyn ved institusjonen.
All kost til bebuarane kjem frå institusjonen sitt eige kjøkken.
Av andre tilbod kan nemnast frisør, fotpleie, arbeidsstove, konsertar, fellessamlingar, andaktar og besøksteneste.
For å bli vurdert til å få langtidsplass, må det liggje føre ein søknad. Før søknaden vert handsama i omsorgsnemnda, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon. Søkjar må ha eit omfattande behov for pleie og omsorg. Andre aktuelle hjelpetiltak må vera prøvd og funksjonssvikten må vere av ein slik karakter at vedkommande ikkje er i stand til å bu heime. Dersom vedkommande sjølv ikkje har samtykkekompetanse (Link), må søknad vera underskriven av nærmaste pårørande. (Link).
Kommunen sitt totale tenestetilbod vert lagt til grunn før vedtak om tildeling av plass vert fatta.
Søknad skal sendast til omsorgsnemnda i kommunen som har delegert fullmakt til å fatte vedtak.
Betaling for langtidsopphald: Personar som flytter inn (frå eigen heim) må betale etter ein månad rekna frå innflyttingsdato. Satsen for betaling er fastsett av sosial og helsedepartementet og er avhengig av vedkommande si inntekt.
Disponering av dei private midlane til bebuarane:
For bebuarar som ikkje kan ta vare på sin egen økonomi, vert inntekter og utgifter tekne vare på i eit pasientregnskap. Vedtak om dette vert tatt av tilsynslækjar i samråd med nærmaste pårørande og avdelingsleiar. Dette vert det sendt informasjon om til overformynderiet med oppmoding om at det vert oppnemnt hjelpeverge. Kvart pasientregnskap er under revisjon av Setesdal revisjonsdistrikt.
Ved spørsmål, kan avdelingsleiar kontaktast, tlf 37 93 47 80.
Tildeling av plass ved Byglandsheimen er heimla i Kommunehelsetenestelova § 2,1 første ledd. jf § 1 – 3 andre ledd nr. 6. § 2,1 som lyder: ”Enhver har rett til nødvendig helsehjelp i den kommune der han eller hun bor eller midlertidig oppholder seg”.
Sosial og helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Dette inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Søkjar vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova § 18, første ledd.
