Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Byglandsheimen er sjukeheimen i kommunen. Institusjonen har 28 plassar fordelt på tre grupper: langtidsavdeling, rehabiliteringsavdeling og Nystog, som er ei dementavdeling. Kvar bebuar har eige rom med bad/toalett. I tillegg er det fellesareal med stor stove.
Byglandsheimen er bemanna heile døgeret og gjev tilrettelagt helsehjelp etter ei fagleg vurdering.
Institusjonen er ansvarlig for den medikamentelle behandlinga og har regelmessig tilsyn av lege. Fysioterapi vert ytt etter ei vurdering. Tannhelsetenesta har årleg tilsyn ved institusjonen.
All kost til bebuarane kjem frå institusjonen sitt eige kjøkken
Av andre tilbod kan nemnast frisør, fotpleie, arbeidsstove, konsertar, fellessamlingar, andaktar og besøksteneste.
For å bli vurdert til å få rehabilitering/korttidsplass, må det ligge føre ein søknad. Kommunen sitt totale tenestetilbod vert lagt til grunn før tildeling. Dersom vedkommande sjølv ikkje har samtykkjekompetanse (Link), må søknad vera underskriven av nærmaste pårørande. (Link).
Tildeling av plass gjeld berre for ein tidsavgrensa periode og det må liggje føre ein fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt på grunn av sjukdom eller høg alder.
Funksjonssvikten må medføra eit behov for observasjon, utredning og behandling, eit behov for rehabilitering, eller førebygging av langtidsopphald. Hensikta er å bidra til at personen styrkjer sin eigenomsorg og kan reisa attende til egen bustad.
For enkelte kan det og vera ynskje om bustad i livet sin sluttfase.
Søknad skal sendast til Byglandsheimen v/omsorgsnemnda i kommunen som har delegert fullmakt til å fatta vedtak. Før søknaden vert handsama i omsorgsnemnda, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.
Betaling for korttidsopphald: kr 118,- pr døgn. Satsen for betaling er fastsett av sosial og helsedepartementet. Etter 60 døgn pr. kalenderår, er betalinga som for langtidsopphald.
For eventuelle spørsmål, kan avdelingsleiar kontaktast, tlf 37 93 47 80.
Tildeling av plass ved Byglandsheimen er heimla i Kommunehelsetenestelova § 2,1 første ledd. jf § 1 – 3 andre ledd nr. 6. § 2,1 som lyder: ”Enhver har rett til nødvendig helsehjelp i den kommune der han eller hun bor eller midlertidig oppholder seg”.
Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrera alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Søkjar vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova § 18, første ledd.
