Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Byglandsheimen er sjukeheimen i kommunen. Institusjonen har 28 plassar fordelt på tre grupper: langtidsavdeling, rehabiliteringsavdeling og Nystog, som er ei dementavdeling. Kvar bebuar har eige rom med bad/toalett. I tillegg er det fellesareal med stor stove.
Byglandsheimen er bemanna heile døgnet og gjev tilrettelagt helsehjelp etter ei faglig vurdering.
Institusjonen er ansvarlig for den medikamentelle behandlinga og har regelmessig tilsyn av lækjar. Fysioterapi vert ytt etter vurdering. Tannhelsetenesta har årleg tilsyn ved institusjonen.
All kost til bebuarane kjem frå institusjonen sitt eige kjøkken.
Av andre tilbod kan nemnast frisør, fotpleie, arbeidsstove, konsertar, fellessamlingar, andaktar og besøksteneste.
For å få avlastingsopphald må det liggje føre ein søknad. Kommunen sitt totale tenestetilbod vert lagt til grunn før vedtak vert fatta.
Det er eit krav at søkjar har behov for avlasting grunna særlig tyngjande omsorgsarbeid og at den pleietrengjande sjølv har ynskje om slikt opphald. Vedtak om avlasting kan og gjerast med tanke på å førebygge langtidsopphald. Tildeling av plass gjeld berre for ein tidsavgrensa periode.
Søknad skal sendast til Byglandsheimen v/omsorgsnemnda i kommunen som har delegert fullmakt til å fatte vedtak. Før søknaden vert handsama i omsorgsnemnda, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.
Avlastningsopphald er gratis.
For eventuelle spørsmål, kan avdelingsleiar kontaktast, tlf 37 93 47 80.
Tildeling om avlastning er heimla i Sosialtenestelova § 4-3, jf § 4,2 b.
§ 4 – 3 lyder: ”De som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er helt avhengig av praktisk eller personlig hjelp for å greie dagliglivets gjøremål, har krav på hjelp etter § 4-2 bokstav a-d”.
Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrera alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Søkjar vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova § 18, første ledd.
