Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Omsorgsbustad

Tilbod om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt. Kommunen tilbyr likevel denne tenesta til personar som pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt har eit omsorgsbehov som ikkje kan dekkast i noverande bustad. Kommunen har i dag 8 omsorgsbustader som ligg ved Byglandsheimen og 9 omsorgsbustader på Byglandsfjord. Det skal vere vurdert andre bustadløysingar, slik som utbetring av eksisterande bustad eller kjøp/leige av bustad på den opne marknaden. Det er mogeleg å søkja om utbetringstilskott /-lån i Husbanken. Dette er behovsprøvd.

Husbanken - tilskot 

For å sikre at vi gjev bustad til dei som treng det mest, vurderer vi nøye om søkjar er i stand til å skaffe seg bustad sjølv.

Fullmakt til å tildele omsorgsbustader, er gjeve til omsorgsnemnda i kommunen.

Søknaden skal sendast til Byglandsheimen v/omsorgsnemnda, tlf.:37 93 47 80. Før søknaden vert handsama i omsorgsnemnda, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

 

Søkjar av tenesta må bu i kommunen og det må liggje føre ein søknad om omsorgsbustad.  

Søknadsskjema

Husleiga vert fastsett ved det årlege budsjettvedtaket. Det vert sendt ut faktura kvar månad, og det er mogeleg å søkja om bustøtte.

 

Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrera alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova § 18, første ledd.

Forvaltningslova


Sist endret: 29.01.2008 - Endret av: Sonja Lien Skjevrak



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.