Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Heimesjukepleie

Heimesjukepleien  i kommunen er organisert som ein del av open omsorg.

Det er ei teneste som vert ytt til personar som har eit særskilt behov for behandling eller pleie og omsorg.

Det vert fatta vedtak om kva hjelp som skal gjevast. Søknad skal sendast til avdelingsleiar open omsorg. Ved akutte situasjonar må lækjarvakt/fastlækjar kontaktast.

Avdelingsleiar:  37 93 47 80 / 91 64 14 40,  kvardagar frå 08-15

Søkjar av tenesta må bu eller opphalda seg i kommunen og det må liggje føre ein munnleg eller skriftleg søknad om heimesjukepleie.  

Søknadsskjema

Før søknaden vert handsama vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

Hjelpa er gratis.

 

Heimesjukepleie vert ytt etter Kommunehelsetenestelova § 2-1: ”Enhver har rett til nødvendig helsehjelp i den kommune han eller hun bor eller midlertidig oppholder seg”, jmf. § 1-3, andre ledd nr.4: ”Sykepleie, herunder helsesøstertjeneste og hjemmesykepleie”.

 

Heimesjukepleie omfattar mellom anna; hjelp til å oppretthalde ei naturleg døgnrytme, hjelp til personleg hygiene, hjelp til toalettbesøk, observasjon, auke evna til eigenomsorg og liknande

Medisinsk behandling, som til dømes stell av sår, injeksjonar, vaksinar og blodprøver bør i utgangspunktet finne stad på lækjarkontoret/hjå fastlækjaren. I serskilde høve kan heimesjukepleien gjera desse oppgåvene.

 

Arbeidsmiljølova § 4.4, pkt.2 gjeld i høve til det fysiske arbeidsmiljøet. Dette inneber at forholda må leggast til rette slik at hjelpa kan ytast. Hjelpemiddel som toalettforhøgar, sjukehusseng, handy-stang og liknande kan vere aktuelt i samband med tilretteleggjinga. Det kan også stillast krav om eit røykfritt miljø.

 

Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrera alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova § 18, første ledd.

Forvaltningslova


Sist endret: 29.01.2008 - Endret av: Sonja Lien Skjevrak



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.