Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Aldersbustad

Tilbod om aldersbustad er ikkje lovpålagt. Kommunen tilbyr likevel denne tenesta til personar som pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt har eit bustadbehov. Kommunen har pr. i dag 4 aldersbustader på Bygland og 4 aldersbustader på Byglandsfjord.

Det skal vere vurdert andre bustadløysingar, slik som utbetring av eksisterande bustad eller kjøp/leige av bustad på den opne marknaden. For å sikra at vi gir bustad til dei som treng det, vurderer vi nøye om søkjar er i stand til å skaffe seg bustad sjølv. Det er mogeleg å søkja utbetringstilskott /-lån i Husbanken. Det er behovsprøvd.

Husbanken - tilskot

Fullmakt til å tildela aldersbustad, er gjeve til omsorgsnemnda i kommunen.

Søknaden skal sendast til Byglandsheimen v/omsorgsnemnd,
tlf.:37 93 48 70.

Før søknaden vert handsama i omsorgsnemnda, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

Søkjar til tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen og det må liggje føre ein munnleg eller skriftleg søknad om aldersbustad.  

Søknadsskjema

Husleiga vert fastsett ved det årlege budsjettvedtaket. Det vert sendt ut faktura kvar månad, og det er mogeleg å søkja om bustøtte.

Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle dokument  i saka  etter Forvaltningslovens § 18, første ledd.

Forvaltningslova


Sist endret: 29.01.2008 - Endret av: Sonja Lien Skjevrak



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.