Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Heimehjelp og vaktmeister

(Praktisk bistand, opplæring  og montering av hjelpemiddel)

Praktisk bistand og opplæring består av tenestene heimehjelp og vaktmeister.

Heimehjelpstenesta er organisert som ein del av open omsorg.

Det er ei eiga personalgruppe som utfører heimehjelpsoppdrag.

Vaktmeistertenesta, som vert nytta til å montere enkelte hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen, er organisert under  teknisk drift.

Det vert berre gjort arbeid på dagtid, og ikkje på laurdag, sundag eller heilagdagar.

Ein kan venda seg til Avdelingsleiar for open omsorg:, kvardagar frå 08-15. Tlf. 37 93 47 80 / 91 64 14 40

Tenestene vert ytt etter Sosialtenestelova § 4-3: ”De som ikke kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er helt avhengig av praktisk eller personlig hjelp for å greie dagliglivets gjøremål, har krav på hjelp etter § 4-2 bokstav a”.

Arbeidsmiljølova § 4.4, pkt.2 gjeld i høve til det fysiske arbeidsmiljøet. Dette inneberer at forholda må leggjast til rette slik at bustaden kan gjeras rein. Det kan bety fjerning av nokre møbler, tunge teppe og eventuelt krav om eit røykfritt miljø. Vaskemiddel, vaskemaskin, støvsuger og anna nødvendig utstyr er brukar sitt ansvar.

Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrera alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i et nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle saka sine dokument etter Forvaltningslova §18, første ledd.

Forvaltningslova

Søkjar av tenesta må bu eller opphalda seg i kommunen. Det må liggje føre ein munnleg eller skriftleg søknad. Før søknaden vert handsama vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

Søknadsskjema

Det vert kravd eigenbetaling for tenestene, avhengig av inntekt:

  •            0 - 140.512          kr. 155,- pr mnd
  • 140.513 - 281.024          kr.   67,- pr time
  • 281.025 - 351.280          kr.   86- pr time
  • 351.281 - og over           kr.  115,- pr time

 

Formålet med praktisk bistand og opplæring er å yte hjelp til dagliglivet sine praktiske gjeremål i heimen, med utgangspunkt i kva brukaren sjølv kan gjere. Hjelpa vil ofte bestå av vanlig reinhald i dei rom som er i daglig bruk. Ein kan vente å få 2 timar annankvar veke. Vanleg reinhald er golvvask, vask av toalett, servant, tørking av kjøkkenbenk og liknande. Nedvask og vask av vindauge er døme på kva heimehjelpa ikkje gjer. Dersom det bur fleire i husstanden, vert det venta at dei tek sin del av reinhaldet.

Andre aktuelle tiltak som vaktmeister gjer kan vere montering og tilpassing av hjelpemiddel, samt mindre endringar i bustaden (f.eks. fjerning av dørstokkar).


Sist endret: 05.02.2009 - Endret av: Wenche Nese



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.