Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Middagslevering

Middagslevering er ikkje ei lovpålagt teneste. Kommunen tilbyr likevel denne tenesta til personar som har behov for det i ein periode. Det gjelder blant anna ved underernæring, fare for dette eller ved funksjonssvikt som gjør det vanskelig å lage egne måltider.

Tenesta er organisert som ein del av open omsorg og ein kan vende seg til:

Avdelingsleiar Open omsorg tlf. 37 93 47 80/ 91 64 14 40, kvardagar frå 08-15.

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein munnleg eller skriftleg søknad. Før søknaden vert handsama vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

Søknadsskjema

Det er betaling for middagslevering. Prisen pr. middag er 54,- kr. Faktura vert sendt ut kvar månad.

Utkjøring av middag er tysdag og fredag formiddag.

Sosial og helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i et nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneberer blant anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle dokument i saka etter Forvaltningslovens § 18, første ledd.

Forvaltningslova


Sist endret: 29.01.2008 - Endret av: Sonja Lien Skjevrak



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.