Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er eit telefonbasert alarmsystem.

Tenesta er ikkje lovpålagt, men kommunen tilbyr likevel denne tenesta til menneske med behov for bistand, pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt som bur heime (ikkje har plass i omsorgsbustad eller institusjon).

Tenesta er organisert som ein del av open omsorg og søknad skal sendast til:

Avdelingsleiar Open omsorg tlf. 37 93 47 80/ 91 64 14 40, kvardagar frå 08-15, som også har fullmakt til å tildele tryggleiksalarmar.

Søkjar av tenesta må bu eller opphalda seg i kommunen. Det må liggje føre ein munnleg eller skriftleg søknad om tryggleiksalarm. Før søknaden vert handsama vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

Søknadsskjema

Søkjar må ha innlagt fasttelefon og sjølv ynskja å vere kopla til alarmsentralen. Det skal vere vurdert bruk av trådlaus telefon, mobiltelefon eller andre tekniske hjelpemiddel. Søkjar må vere klar og orientert og kunne handtere tryggleiksalarmen. Dersom brukaren ikkje lenger er i stand til å handtere alarmen, må den leverast attende.

Det er eigenbetaling for tryggleiksalarm. Kostnad  i 2008  kr. 1000,-  Vert fakturert 1g/år.

Sosial og helsedirektoratet har gjeve pålegg om å registrera alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ein funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle dokument i saka etter Forvaltningslovens § 18, første ledd.

Forvaltningslova 


Sist endret: 29.01.2008 - Endret av: Sonja Lien Skjevrak



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.