Fotball

Idrettsanlegg

På Bygland har me stor handballhall på 25 x 45 meter, kalla "Byglandshallen". Den inneheld og eit styrkerom på 100 m2, samt at den har moglegheit for spinning. Sidan hallen er at full størrelse, kan den nyttast til cup'ar og store arrangement.

På Byglandsfjord er det ein liten hall, sandvolleyball- og tennisbane, balløkke og leikeplassar.

På Bygland har me ei skiløype med ljos i sentrum, denne er under oppgradering. Det er også skiløype på Tangen, innanfor Jordalsbø. Me har også ei skiløype med ljos på Heistad.

Me har ei balløkke tilknytta skulen. Der er det også ei skaterampe, leikeplass og basseng. Bassenget er til nytte for alle innbyggarar.

Me har eit eige anlegg for fotball på «idrettsplassen» i Bygland. Her det naturgras, og det er snart ferdig klubbhus med garderobar.

I tillegg har me leirduebane og vanleg skjotebane.

Kontaktinformasjon

Bygland kommune
4745 Bygland

Tlf. 37 93 47 00
epost: post@bygland.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal