Er du klar for overgangen til digital radio?

For deg som bur i Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, blir NRK sine radiokanalar sløkte på FM 21. juni. Dei kommersielle, riksdekkande kanalane, og einskilde lokalradioar, følgjer etter 15. september. Lokalradio som sender på FM i vår kommune, kan halde fram med å sende på FM også etter 15. september om dei ynskjer det

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkande kanalar via DAB-nettet, nettradio og appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM også etter 2017. Med unnatak av Radio Norge og P4, som blir sende på DAB (utan pluss), blir no alle riksdekkjande kanalar sende på DAB+.

Er du klar?
Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB (utan pluss) og FM. Om du allereie har ein DAB+-radio, tilrår vi deg å oppdatere kanallista med jamne mellomrom for å fange opp tekniske oppdateringar og nye kanaltilbod. Dette kan du gjere ved først å trekke ut antenna og gjennomføre kanalsøket «scan», «full scan», «rescan» eller liknande. Om du ikkje finn denne funksjonen, rår vi deg til å lese brukarrettleiinga og eventuelt kontakte forhandlar.

Skal du skaffe deg digitalradioutstyr til heimen, hytta eller bilen, er det greitt å vere førebudd på at etterspørselen av apparat og monteringstenester kan auke rundt sløkkedatoane.

Det er lurt å hugse på at ei god antenne og rett montering av denne, kan vere avgjerande for at du får ei god lyttaroppleving. Det finst mange ulike løysingar på marknaden, så ta kontakt med forhandlarar og monteringsverkstader når du skal velje. Hugs at gamle radioar som du ikkje ønskjer å behalde, kan leverast til gjenvinning hos alle radioforhandlarar og på returstasjonar.

Treng du meir informasjon?

På nettsida www.medietilsynet.no/digitalradio har vi mykje informasjon om det digitale radioskiftet. Du kan også sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no.

Informasjonsfilm, tv-spot og radio-spot om det digitale radioskiftet: http://www.medietilsynet.no/mediebildet/digitalradio/
Medietilsynet si Facebookside: DAB+radio=sant

Digitalradio
Digitalradio

Kontaktinformasjon

Bygland kommune
Sentrum 18
4745 Bygland

T: 37 93 47 00
E: post@bygland.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal