Demens

Demensteamet i Setesdal

Om det er behov for utgreiing av demens, kan demensteamet i Setesdal kontaktast.

Demensteamet blei frå januar 2013 eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes.

Teamet er ein del av LMT: Lokalmedisinske tjenester i Setesdal. I ein 2-års periode frå januar 2011 var demensteamet eit prøveprosjekt under Setesdal regionråd.

Demensteamet har to oppgåver:

  • Utgreiing av heimebuande personar der ein mistenker demens
  • Drifte pårørandeskular for pårørande til personar med demens

Demensteamet er samansett av fylgjande personar:

  • Koordinator Bjørn Harald Hagen (Evje og Hornnes)
  • Sjukepleiar Anette Trydal (Bykle)
  • Sjukepleiar Aina C. Oksholen (Valle)
  • Vernepleiar Anne Elisabeth Fjose (Bygland)
  • Sjukepleiar Oddveig Flåt Åvitsland (Evje og Hornnes)
  • Kommunelege Hallvard Mosdøl (Valle)

Kontaktinformasjon

Demensteam i Setesdal
Dåsnesvegen 22, Hornnesheimen
4737 Hornnes
Telefon: 945 20 970
Epost: demensteamet@setesdal.no

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal