Deling av eigedom

Om du ynskjer å dele eigedomen din, må du søkje kommunen om godkjenning.

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom (matrikkeleining) med eige gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart).

Føresegner kring deling av eigedom finn ein mellom anna i plan- og bygningslova § 26-1. Sentrale temaer for frådeling av ny byggetomt i uregulert område (LNF-område) er veg-, vass og avlaupsløysingar.

Delingssøknaden skal innehalde:

  • Søknadsskjema
  • Situasjonskart
  • Kvittering for nabovarsling
  • Ei utfyllande grunngjeving for søknaden
  • Veg, parkering, vass- og avlaupsløysingar

 

Skjema og rettleiingar
 

Bestilling av oppstartsmøte for reguleringsplan

Skøyte
Rettleiing i utfylling av skjema

Erklæring om rett i fast eigedom
Rettleiing i utfylling av skjema

Festekontrakt
Rettleiing i utfylling av skjema

Søknad om kjøp av kommunal tomt

Skjema for feil i kart

Skjema for søknad om deling/justering av grunneigedom

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal