Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga

Det er Husbanken som fattar vedtak, men det er kommune som handsamar søknaden og har all kontakt med deg som søkar.

Sjekk om du kan få bustønad
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntaktsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustønadkalkulatoren.

Søk bustønad
Søknadsfristen for bustønad er den 25. i kvar månad. Utbetaling skje ca den 20. i påfylgjande månad. Om du får innvilga bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar
Du har plikt til å melde frå om det er endringar i dei opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt rette opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustønad
Om du meiner at noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.

Meir informasjon. Du finn meir informasjon på Husbanken sine heimesider. Du kan og kontakte kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk
Lov om bostøtte
Forskrift om bustøtte
 

Logo - Husbanken
Logo - Husbanken

Kontaktinformasjon

NAV Bygland
Kommunehuset
4745 Bygland

T: 55 55 33 33

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal