Bygland folkebibliotek har hovudbiblioteket sitt i Sørbygget i Bygland sentrum. Byglandsfjord filial har lokale i den gamle stasjonsbygningen på Byglandsfjord.

Opningstider

  Bygland Byglandsfjord
Måndag 11.30 – 15.00 16.30 – 19.00
Tysdag 16.00 – 19.00 10.00 - 14.15
Torsdag 14.00 – 17.00  

Biblioteket er stengt i sommarferien (heile juli og ei veke av august)

Bibliotektenesta:

Vi har eit godt utval av tidsskrift, lydbøker og filmar for alle, og vi har fleire bøker enn du nokon gong vil klare å lese.

Du kan søkje på Bygland folkebibliotek for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje, kan vi skaffe det frå andre bibliotek (fjernlån)

Du kan også søkje i Agder Samsøk og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode

Bøker lånt på Bygland folkebibliotek kan leverast kvar som helst på Agder. Vi returnerer bøker du har lånt på andre bibliotek.

E-bøker kan du få lånt gjennom bokbasen vår og E-lån Agder.

Digitale basar: Tilbod i Aust-Agder for bibliotekbrukarar som sit heime på eigne datamaskiner. Dette gjeld Atekst (få brukarnamn og passord frå bibliotek i Aust-Agder) og Ecyclopedia Britannica (nasjonalt lånekort frå bibliotek i Aust-Agder, N + 9 siffer). På biblioteket får du og tilgang til Idunn og Ordnett.

Vi tilbyr nybyrjarhjelp i data.
Begge biblioteklokala har ei datamaskin til gratis bruk for alle.

Vi har SETESDØLEN

Nyttige lenker samla:
Bygland folkebibliotek
Agder samsøk
E-lån Agder
Digitale basar